Om oss

Helgatun Fjellpensjonat – fjellhotell ved foten av Vikafjellet, Voss. Vi er eit kristent leir og hotellsted i Myrkdalen. Eit av norges mest snøsikre skisteder.

Mottoet vårt er: “Ekte livsglede i eit varmt og inkluderande miljø.”

Me tek i mot ulike grupper til kurs, weekendar, selskap, eldretreff og andre arrangement for store og små.
Helgatun er ein røyk- og alkoholfri serverings- og overnattingsstad.

Me kan tilby:

  • 27 rom, alle med dusj og toalett
  • Huset i skogen med 2 husvære, godt utstyrte
  • Møte-/konferanserom for 100 personar
  • Kafé/spisesal med plass til 110 personar
  • Stor, lun peisestove og salong
  • TV-stove, flatskjerm med RiksPakken
  • God tradisjonell mat
  • AV-utstyr
  • Aktivitetsrom m/ Airhockey og bordtennis m.m.
  • Utandørs leikeapparat
  • Buldrevegg (klatrevegg)
  • Hoppepute
  • 50 meter til næraste skitrekk
  • 200 m til ljosløype
  • Turområde for alle behov
  • Stor parkeringsplass
  • Gratis trådlaust internett
  • Tørkerom i både hovudbygg og anneks