Ut på tur

Aktivitetar i Myrkdalen

Vinteraktivitetar

Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i landet, med flotte familieløyper, herlege offpist-løyper og fine parkanlegg.

Anlegget har 9 heisar og 22 løyper. Den lange og raske stolheisen i Myrkdalen tek deg opp
til over 1000 meters høgde – herifrå har du utsyn over det store skiområdet i Myrkdalen.

I tillegg til stolheisen er det 5 t-krokheisar,og sjølvsagt finst her barnebakkar, òg med saktegåande rulleband for dei aller minste. I tillegg vert det opparbeidd flotte terrengparkar med bigjumps og rails i ulike variantar.

Like ved Helgatun, i Årmotslia, ligg 5 km med ljosløype. Dette er eit flott alternativ dersom du vil ha ein tur i oppkøyrde spor både på dagtid og kveldstid. Elles vert det òg køyrt opp løyper oppetter Årmotslia, til Revhaugen og mot Oppheim i store delar av sesongen.

Toppturar i Myrkdalen:

I Myrkdalen er det eit flott turterreng. Her kan du gå toppturar til Bjørndalskamben og Finnbunuten når det er godt ver. Turar til Reppane, Revhaugen og mot Oppheim er flotte turar òg når veret ikkje er heilt optimalt.

Tur frå Oppheim til Myrkdalen:
Ein flott rundtur som òg passar for familiar. Ta  stolheisen frå Oppheim ( Like ved Oppheim kyrkje) og gå rundturen tilbake til Myrkdalen. Dette er ein forholdsvis lett tur som òg passar for familiar med born. I helgene er det mogeleg å ta gratisbuss frå Myrkdalen Hotel til Oppheim ca kl 1045. Sjå nærare opplysningar på Voss Fjellandsby sine heimesider.
Fjellski på Vikafjellet

Ynskjer du å gå på fjell og vidder, er Vikafjellet alternativet. Sendedalen, eit dalføre vest for Helgatun, er eit attraktivt turområde. Køyr nesten opp til toppen på Vikafjellet. Sendedalen er det første dalføret på venstre sida når du er komen nesten på toppen, etter å ha køyrt stigninga til Vikafjellet. Eit anna flott turområde er på høgre sida av vegen ved Fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er det òg mogeleg å gå ein tur slik at du kjem ned Årmotslia til Helgatun. Det er viktig å sjekka vermeldinga når du reiser på tur til Vikafjellet.

Treskjerartunet:
Nokre kilometer nedover i dalen ligg Treskjerartunet. Her er det både produksjon og sal av treskjerararbeid av høg kvalitet.

Sjekk: http://www.treskjerartunet.no/treskjerartunet

Aktivitetar om sommaren:

Fotturar:
Terrenget rundt Helgatun og på Vikafjellet høver godt til fotturar. Det er fin turveg direkte frå Helgatun til stølane Vetlebotnen og Revhaugen. Personalet på Helgatun kan hjelpa deg med opplysningar om høvelege turar i Myrkdalen og nærmiljøet. Her er det mange toppturar, og det er råd å gå rundturar til turistforeininga sine hytter i Stølsheimen.

Myrkdalen hestesenter:
I gangavstand frå Helgatun ligg Myrkdalen hestesenter. Her er det mogeleg å bestilla ridetimar, stølsturar, ridekurs m.m.

Sjekk: http://www.myrkdalen-hestesenter.no/

Rafting:
Raftinger den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande og morosamt, og det høver for nybyrjarar så vel som for erfarne.

Seek: http://www.vossrafting.no/rafting-voss/

Voss Klatrepark:
Høgdeløypa i Voss Klatrepark er ein kombinasjon av ulike klatre– og balansehinder, og parken er omkransa av ein idyllisk villmarksleir.

Sjekk: http://www.vossrafting.no/voss-klatrepark/

Stavkyrkja i Vik:
I Vik, ein flott køyretur over Vikafjellet frå Myrkdalen, finn du Hopperstad stavkyrkje, som er bygd i 1130.
Då kyrkja stod til nedfalls, vart ho berga og restaurert slik ho står i dag, av den kjende arkitekten Peter Andreas Blix i 1885, mannen som òg berga Hove steinkyrkje frå kring 1170.

Opningstider og prisar: http://www.stavechurch.com

Norway in a nutshell:
Du får oppleva den spektakulære Nærøyfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste, Aurlandsfjorden, Flåmsbana og Bergensbanen. Denne turen går dagleg heile året.

Sjekk: http://www.fjordtours.no/

Kom til Helgatun - eit flott utgangspunkt for aktivitet i Myrkdalen